Kursrom: Dialog
Nivå: Erfaren – bør ha strikket tveband
Maks antall deltagere: 10
Ta med: pinner 2,5, tynt garn, eller kjøp strikkepakke
Sjonaleistar er ankelsokkar som høyrer til draktskikken i Hardanger og på Voss. Kring ankelen har dei ein fleirfarga mønsterbord strikka i tvebandstrikk, medan resten av sokken er kvit. På kurset lærar du å leggja opp til tvebandstrikk, og strikka tveband med éin og fleire fargar. Kurslærar har med strikkepakkar med alt ein treng for å strikka sjonaleister. Desse kostar 845,- Den mønstra borden øvst på sokken er strikka på pinne nr 1,25. Viss ein syns at dette vert for smått kan ein i staden prøva seg på «sjonavotten», ein vott inspirert av sjonaleistene. Denne vert strikka på pinne 2,5, og ein strikkepakke kostar 569,-. For å strikka sjonaleistar treng ein ikkje ta med seg noko, alt ligg i strikkepakken. Viss ein vil strikka «sjonavotten» tar ein med seg 5 strømpepinnar i str 2,5. Ein kan gjerne gå kurset i tveband først, men det er ikkje obligatorisk. Maks deltaktakar er 10.

Pris:600 kr
Medlemmer 500 kroner