Eg heiter Karoline Blix, eg kjem frå Stolmen i Austevoll Kommune. Jobbar i dag som dagleg leiar av Austevoll Husflid.
Eg har alltid hatt stor interesse for handarbeid og var ikkje store jenta når eg begynte å strikke og sy.
For 10 år sidan var eg så heldig og arve to strikkemaskiner frå ei nabo dame. Og det vart starten min, å bli venn med strikkemaskinen. Eg kan ein god del om dei fleire maskiner som Norsy, Brother og Silver Reed. Både hullkort og elektroniske. Nå til sommaren 2021 har eg gått begge studiane, Kreativ Maskinstrikk 1 og 2 på Universitetet i Sørøst-Norge.
Karoline vil demonstrere strikkemaskin for dere som er litt nysgjerrige på hva det er for noe, Folkets hus fredag 18:00-19:00. Hun vil også holde 4 kurs i maskinstrikk i løpet av helgen.