CTE garn

Clarion plass 1

CTE Garn

Facebook

Instagram

CTE garn skriver: «

Me er Caroline (12) og Tante Elin 😊 Og me har farga i lag i eit par år. Det går mest i plantefarging, men me driv og med syrefarging. På sistnemde er det Caroline som har hovudansvar for fargekombinasjonane og namna. Ho er flink med fargar.

Ved plantefarging er det Tante Elin som står for det det meste av jobben. 

Plantene vert plukka i nærområdet, på hytta og når me er på tur rundt om i landet. Nokre av fargane dyrkar me sjølv, som Vaid og Krapp og faktisk Prikkperikum.

Farginga foregår heime hjå Tante Elin og det siste halve året har me bygd på og renovert huset slik at det skal verta meir praktisk å jobba her. I tillegg er planen at det i løpet av hauste skal byggast eit lite lager. Når det er gjort skal me prøva å ha open butikk ein dag i veka.

Utanom garn kjem me til å ha med ein del sydde strikkerelaterte ting, som blant anna prosjektvesker, små pungar til småting og og strikkepinneoppbevaringsetui. Desse tinga er det Mamma (til Caroline) og Tante Elin som syr.»