Monica Herredsvela

Eg heiter Monica og er utruleg glad i å skapa klede og anna med hjelp av nål og tråd. Eg syr mest til meg sjølv, og har dette som ein hobby som gir meg overskot i kvardagen. Den seinare tid har eg og redesigna mykje, og lagt min elsk på å gjere noko med strikkeplagg som berre ligg der, men har eit stort potensiale.

I 2017 var eg ein av finalistane i Symesterskapet på NRK, og fekk oppleva å vera i syhimmelen ein månad saman med 9 andre syglade kreative mennesker. Dette gav meg endå meir sylyst, og eg har i etterkant haldt ein del føredrag og kurs med målet å inspirera fleire til å finna gleda ved å sy.